Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hiroshima glømt?

Samtidig som mange i dag minnast Hiroshima, gjer endå fleire norske soldatar seg klare for krig i Asia. Dei første tiåra etter Hiroshima var det vanskeleg for Ap-regjeringa å takle den breie motstanden mot bruk av atomvåpen. Militærøvingane der norske soldatar trena på ein situasjon der atomvåpen var brukt i Norge, var hemmelege. Regjeringa let ikkje folket få vite i kor stor grad dei innordna seg under amerikansk atomstrategi. Det var i denne tida at Ap ekskluderte ein del av venstreopposisjonen som så svara med å opprette Sosialistisk Folkeparti i 1961. 60 år etter Hiroshima ser det ut som den politiske eliten har glømt dette. Det er meire enn 14 år sia regjeringa til Harlem Brundtland sende kystvaktskipet Andenes til innsats på amerikansk side i Golfkrigen. Krigsdeltakinga var symbolsk. Men symbolikk er viktig. Det norske orlogsflagget var med i utkanten av krigssonen der USA prøvde ut radioaktiv ammunisjon. Da Saddam Hussein godtok FN-resolusjon 660, var krigen slutt. Den irakiske okkupasjonshæren følgte ordre og trekte seg ut av Kuwait 26. februar. Då starta USA eit av dei verste krigsbrotsverka etter 1945. Heile flystyrken gjekk i skytteltrafikk mellom hangarskipa i Golfen og dei overfylte motorvegane frå Kuwait mot Bagdad.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen