I «L'homme revolté» startar Albert Camus kapitlet sitt om den franske revolusjonen slik: «Fridom, dette forferdelege ordet som er rita inn på stormvogna, er det motiverande prinsippet for alle revolusjonar.» Og at den franske revolusjonen nettopp var eit frigjeringsprosjekt, var tydeleg for alle. Det revolusjonære slagordet var: «Fridom, likskap, brorskap!» Det er berre det at det i løpet av ein revolusjon alltid kjem ei tid då det er svært viktig korleis «fridom» nærmare bestemt blir forstått; det gjer ein stor skilnad kva fridomsfilosofi revolusjonsleiarane då gjer bruk av. Jakobinarane med Maximilien Robespierre i brodden hadde ei oppfatning om at der alltid finst ei og berre ei korrekt løysing på eit moralsk eller politisk problem. Følgjeleg kunne det ikkje kome på tale at den perfekte løysinga på eit problem som galdt ein person kunne kome i motsetnad til løysinga på eit problem som galdt ein annan. Prosjektet til jakobinarane var å få til ein høgare og harmonisk syntese av alle dei korrekte løysingane. På grunnlag av den ville det vere mogeleg å føreskrive ein samfunnsorden som er perfekt rettvis ved at den blant anna sikrar dei goda som kvar einskild har eit rettkome krav på. Og dette ville, trudde dei, vere den endelege løysinga av problemet om interessemotsetnader. Etter ei stund ville situasjonen på det politiske området bli den same som på det vitskaplege, nemleg at ein kvar seriøs deltakar i det store prosjektet – same kor spesiell den kulturelle bakgrunnen hans eller hennar er – vil akseptere det som er sant og rett. Jakobinarane gjekk imidlertid med på at der ein relativt kort periode vil kunne vere misnøye og motstand, men den vil i så fall kome frå kunnskapslause og innskrenka menneske, og dei kan ein godt tukte til deira eige beste.