Bell hooks
bell hooks (fødd Gloria Jean Watkins i 1952) er engelskprofessor ved City College i New York og ein av USAs fremste feministiske tenkarar og mest synlege svarte intellektuelle. Sjølv har ho karakterisert seg som «svart kvinneleg intellektuell revolusjonær aktivist».Hennar mange bøker og artiklar i tidsskrift og populære magasin omfattar ei rad tema, men dei er samanfatta av eit einskapleg syn på samanhengen mellom kapitalisme, kjønn og rase (som dei framleis vel å kalla det i USA). Den verdsanalysen kallar hooks «White Supremacist Capitalist Patriarchy».Ho har forklart pseudonymet bell hooks som ei hylling til sine formødrer, som ho har henta namnet frå, men ho skriv det med små bokstavar – for å «dempa sitt eige ego». Det er kva ho skriv folk skal merka seg med, ikkje namnet eller personen Gloria J. Watkins.hooks vart fødd inn i eit segregert sørstatssamfunn i Kentucky før borgarrettskampen vann styrke. Med ein far som freista oppdra sin eine son og seks døtrer på eit svært tradisjonelt vis, avgjorde ho tidleg at det skulle bli hennar oppgåve å kjempa både mot rasisme og sexisme. Ho har seinare nytta si eiga livsrøynsle som døme på strategiar for å overkomma psykiske skader og kjensle av mindreverd som eit liv som minoritet kan gje.bell hooks retta tidleg kritikk mot kvinnerørsla for deira implisitte definering av «kvinne» som «kvit kvinne», så vel som mot kvinneundertrykkinga i den mannsdominerte svarte frigjeringsrørsla. Dette var tema i debutboka «Ain't I a Woman: Black Women and Feminism» (1981). I «Feminist Theory: From Margin to Center» heldt ho fram med å ta til orde for eit breiare perspektiv i kvinnerørsla og argumenterte for at rase og klasse spelar ei like viktig rolle som kjønn i underordninga av fattige og ikkje-kvite kvinner.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn