Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva skal barna lesa?

Er det rom for andre barnebøker mellom dei forventa salsgigantane i fantastisk litteratur «Harry Potter» og «Charlie og sjokoladefabrikken»?

Salet av den sjette Harry Potter-boka er i ferd med å bli den forventa suksessen alle trudde ho skulle bli. I september gjer norske kinoar klart for ein storslagen filmversjon av «Charlie og sjokoladefabrikken» og Gyldendal forlag er førebudde med ikkje mindre enn fem ulike papirutgåver av Roald Dahls burleske barnebokklassikar. Gjer det noko at dette kanskje blir den eller dei einaste bøkene mange barn les i haust? Er ikkje det viktigaste at barna les? Eller er dette tvilsam eskapisme? Bør ein som forelder og litteraturformidlar streva etter ein sams barnelitterær kanon som grunnlag for kulturell daning og personleg utvikling, slik mellom anna den britiske litteraturprofessoren Harold Bloom har tatt til orde for - nettopp i forlenginga av ei avskriving av kvalitetane i Harry Potter-bøkene.