Maximilien François Marie Isidore de Robespierre vart fødd den 6. mai 1758 og døde den 28. juli 1794. Ingen kan nekte for at det var ein pen mann, men han var liten og kanskje litt feminin. Det medverka truleg til at han utvikla noko av eit mindreverdkompleks. At han kledde seg som ein jålebukk, eller ei jåle, som Torbjørn Bertnsen ville ha sagt det, hjelpte heller ikkje. Men han var noko nytt i Frankrike, og no noko gamalt, om ein skal døme etter framferda til den noverande eliteten, han var umogleg å mute. I samtida kalla dei han «l'incorruptible». Kort sagt. Han var sjølvaste Robespierre: Den best kjende av alle dei franske revolusjonsleiarane, den leiande krafta i Komiteen for offentleg tryggleik og den fremste utøvaren av Den store terroren.