I ein serie artiklar har Klassekampen sett fokus på den aukande tiltrua til kultursatsing som regional katalysator for økonomisk vekst. Som oppslaga har vist er det inkje i vegen med dei nye ambisjonane som er i ferd med å veksa fram landet rundt: Trøndelag skal bli den mest kreative regionen i Europa. Kristiansand eit internasjonalt kultursentrum. Snart kan ingen fylkesplan med respekt for sin eigen region unngå å vedta visjonære ambisjonar, om kreativitet, innovasjon og kulturelle møtestader. Eit av dei klåraste døma på den norske kulturbølgja er Kristiansand si etablering av Cultiva-stiftinga. Der har dei solgt det kommunale kraftverket og plassert 1,5 milliardar kroner på bok. Realavkastinga skal bli delt ut til kreative miljø i Kristiansand, med von om at dette skal sikra arbeidsplassar og gode levekår i byen. Men trass tildels svært gode intensjonar viser Klassekampen sine oppslag at satsinga ikkje er uproblematisk. Kritikarar hevdar at ved etableringa av Cultiva er den demokratiske kontrollen over til dels svært store fellesgode blitt gjeve over til nokre får utvalde, i kulturen sitt namn. Som ein artikkel i dagens Klassekampen viser er det også grunn til å stilja spørsmålsteikn ved sjølve salet av kraftaksjane. Verdien av aksjane i Agder Energi har stige mykje etter at Kristiansand solgte seg ut i 2002. På fire år har kommunen gått glipp av 445 millionar kroner i utbytte. Hadde dei solgt aksjane i dag, ville dei tent 710 millionar meir. No står Kristiansand i den heller ironiske klemma at dei kan bli nøydde til å kjøpa attende aksjar for å tryggja arbeidsplassar i regionen. Innbyggjarane i byen har difor grunn til å spørja om ikkje mantraet om kultur og innovasjon hadde gått politikarane til hovudet, då dei selde aksjar i kraftselskapet. At den same personen som var pådrivar for aksjesalet og opprettinga av Cultiva seinare vart direktør for stiftinga, gjer ikkje saka mindre pikant.