Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tid for EØS-debatt

29. april 1993 vedtok Stortinget norsk EØS-medlemskap. Vedtaket vart gjort med 119 mot 36 røyster, nokre få ja-røyster meir enn nødvendig for å få tre fjerdedels fleirtal, som grunnlova krev. Bak tilslutninga stod parti og politikarar med svært ulike motiv. For Høgre og fleirtalet i Framstegspartiet var alle steg i retning marknadsliberalisme av det gode. For Arbeidarpartiet var EØS først og fremst eit steg på vegen inn i EU. Fordi EU-spørsmålet skulle avgjerast berre halvtanna år etterpå, såg dei på EØS som ei stuttvarig ordning, ein prøveperiode eller ei forloving før ekteskapet. For Kristeleg Folkeparti var EØS ei kompromissløysing. Dei trudde med det dei skulle sleppe unna EU-medlemskap.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?