«=Oslo»
Klassekampen kunne denne veka melda at det nystarta magasinet «=Oslo», som blir seld på gata i hovudstaden som eit alternativ til tigging, er i ferd med å bli ein suksess. Heile opplaget på 10.000 vart rive vekk den første veka og mange har meldt seg som seljarar. Konseptet byggjer på ein enkel, men effektiv modell: Seljarane tener 20 kroner per magasin, som blir seld på gata for 40 kroner. Og ingen spørsmål om kva pengane går til, det får vera seljarane si eiga sak. Utgjevarane har latt seg inspiriera av magasinet The Big Issue, som i mange år har vore eit svært anerkjend og veldrive magasin for bustadlause i Storbritannia. Og no har «=Oslo»-redaksjonen offensive planar: Dei vil starta eiga seljarforeining og ønskjer å bli medlem i den internasjonale paraplyorganisasjonen for gatemagasin (INSP).
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn