Peter Wessel Zapffe
Peter Wessel Zapffe (1899-1990) var ein av dei skrivande nordmennene som har hatt eit mest realistisk, og ergo pessimistisk, syn på tilværet. Likevel vart han jamvel i si eiga levetid ein av våre mest omtykte tenkarar. Rett nok skuldast populariteten mellom lekfolk i stor grad den skjønnlitterære diktinga hans. Folkelivs- og mentalitetsskildringane frå Nord-Noreg i «Vett og uvett. Stubber fra Troms og Nordland» (saman med Einar K. Aas) har vore ein bestseljar sidan boka kom ut i 1942. Zapffe var kjend som ein stor humorist og språkleg stilist også i faglege samanhengar. Opphaveleg skulle han bli jurist (og han arbeidde også som dommar ei tid) og jusavhandlinga frå Universitetet i Oslo er framleis vidgjeten som den einaste i sitt slag skriven på vers. Den dels omsynslaust satiriske ateisten Zapffes kommentarar til religion og bibelhistorie er også unekteleg morosame og skarpsindige tekstar. Derimellom ein kortfatta Jesus-biografi.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent