Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fotballrevolusjonen

Kva har Rune Hauge og David Toska til felles reint bortsett frå at begge er vestlendingar? Dei er begge representantar for ei mental globalisering som truar det norske normalitetsregimet. Verken ære, kunst eller vitskap er målet for den norske staten ved inngangen til det 21. hundreåret, men det å få ein gretten småbarnsfamilie til å fungere. Kor opprørande, beint fram umoralsk er det ikkje da å søke forgjengelege trumfar som eiga ære, rikdom, reell makt og alle dei verdslege gledene slikt opnar opp for? Rett framfor augo våre reiser det seg ein namnlaus revolt mot normalitetsregimet. Ikkje noko manifest, inga krigserklæring og ingen intellektuelle bannerførarar er å sjå nokon stad. Men noko berre skjer. Den løyndomsfulle og yttarst prosaiske fotballagenten og bridgespelaren Rune Hauge er ein strateg for dette nye Noreg vi no så smått kan ane konturane av. Og han treng ingen politiske visjonar. Det treng heller ikkje den stadig veksande hæren av unge gutar som stillteiande flokkar seg bak prosjektet hans. Enn så lenge er dei rotfesta i «kvardag og skule», men til liks med Hauge er dei i ferd med å kaste loss. Dei har løfta blikket mot stjernene. I deira indre øyra stig jubelbruset frå vår tids gladiatorarenaer. Stadion står i heilag glans, lyst opp av den udøyelege æras skinande medialys. Fart, kraft, sigersgestar, raude ferrariar og vakre modelljenter flimrar over netthinna. Alt ein mann kan ønske seg når æra får skine i opphavleg uforfalska glans. Den siste milliardavtalen som Rune Hauge dristig forhandla fram for salet av norsk fotball til TV2 og Telenor opnar eit vindauga til denne fotballrevolusjonen som rullar mektig fram rett framfor augo våre. Norske klubbar som for ikkje lenge sidan var nærast å rekne for idrettslag som levde av pølser, dugnadsinnsats og loddsal handlar spelarar for millionbeløp gjennom profesjonelle agentar. Men det er jo berre fotball – eit spel – 22 mann som spring etter ein ball. Leik, men ikkje alvor. Alvoret er etisk. Der mytar fødest blir røyndomen porøs fordi det skjer på sida av livet – ikkje i sentrum av det. Ja, klamre deg til det du kristensjel! For dei unge gutane treng ikkje tale. Den evige elden logar alt i pupillane deira. For fotballrevolusjonen handlar ikkje om fotball. Ein ekte revolusjon er det vi er vitne til. Ein omsnunad i sinnet, eit sprang inn i eit nytt landskap, ein spontan, ukoordinert kollektiv entusiasme utan program eller plan. Men viljen er der like fullt. Viljen til å overskride grensene for det «realistiske» – nørt av ein draum som lever, rører og formar og som mobiliserer eit mest uendeleg oppbod av frivillige og truande. Grunnsteinane til ein ny samfunnsorden blir lagt i denne revolusjonen. I fotballuniverset vender det gamle tilbake i det nye. Den liberale kapitalismen, den folkelege mobiliseringa, krigen, heltedyrkinga, æra, rikdomen og fallet. Mot, hell, offervilje og lojalitet er igjen avgjerande. Lokale rikingar inngår fleksible samarbeid med lokale eldsjeler, men med personlege kontaktar på tvers av landegrensene. Karrierene til spelarane kan minne om tidlegare lanseknektar, legionærar, eventyrarar og sjømenn. Winner takes all. Det finst ingen egalitære normer utanom lojaliteten til kampfellesskapet. Idrettshelten konstituerer ei ny form for etos immun mot kulturradikal kritikk. Ingen prippen askese, men sjølvtukt og disiplin for å yte. Det er heller ingen konflikt mellom ånd og kropp. Krigaren er heil. David Toska, arkitekten bak Nokas-ranet 5. april 2004, har tilsynelatande lite til felles med Rune Hauge. Men på den andre sida av lova er også han ein katalysator for den opprørske energien, som lik stormskyer sig inn over normalitetsidyllen. Det er både påfallande kor lite det brutale kommandoraidet mot teljesentralen i Stavanger er blitt kommentert og tolka, trass i den veldige mediadekkinga. Vi veit alt, men forstår ingenting. Og alle, absolutt alle, er samde om at alt må gjerast for å oppklare og straffe dei som stod bak ranet. Aktor vil krevja forvaring i tillegg til lovas strengaste straff for mellom andre Toska. Kva er det som skremmer og opprører slik? Er det drapet på heidersmannen Klungland og den generelle ransfaren dette miljøet representerer? Nei, det er den eksistensielle kjernen i Nokas-ranet som skakar det etablerte Noreg i grunnvollen. For kva var det som eigentleg skjedde denne underlege vårdagen? Jo, ei kort stund var Stavanger sentrum okkupert og ute av hendene på den norske staten. Væpna politi vart drive tilbake av målretta eld frå maskingevær. Statens valdsmonopol bygd ut gjennom hundrevis av år vakla i nokre titals minutt. Statens herredøme over territoriet glapp for ei lita stund. I det ligg sjokket. Det har aldri skjedd før i moderne tid. Vi må tilbake til andre verdskrigen for å finne noko tilsvarande. Men det eksistensielle sjokket stikk enda djupare. Det er som om det brått har oppstått eit hol i det mentale ozon-laget som skulle verne oss mot farleg stråling frå det historia lovde å overvinne. For kva fortel dette om ransmennene? Dei verken taler eller skriv, men i handling har dei vist fram noko svært urovekkjande. Det er som om ein gjeng unge menn med ulik bakgrunn har tenkt følgjande: Der er kongens gull. Realistisk sett er vi dømde til å træle i nedste delen av arbeidarklassa. Livet er kort, men vi er unge og kan skyte. La oss ta full risiko. Det er mykje gull i landet og vakthaldet er ikkje all verda. Lukkast vi kan vi leve godt i Thailand eller Sør-Amerika. Om nokon tenkjer slik, kvar er vi da i tid? Ved utrustinga av ei vikingferd ein gong på 1000-talet? Denne mentale globaliseringa er kanskje det største revolusjonære trugsmålet mot det norske normalitetsregimet. Det er neppe tilfeldig at unge menn frå arbeidarklassa i større eller mindre grad blir dregne mot desse opne slettene der historia gjentek seg sjølv. Det samsvarer godt med at dei vender ryggen til utdanningssystemet, som er den største normaliseringskatedralen. Der rår jentene frå mellomlaga. Dei skal jo administrere den gretne småbarnsfamilien i byggefeltet.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?