«Vi lever nemlig i et kapitalistisk samfunn uten klasser», hevder «stjernesosiologen» Ulrich Beck i eit intervju med Klassekampen 15. mai. Argumentasjonen han byr på er eit stjerneeksempel på den hangen til teoretisk å avskaffe den verkelege verda, slik postmodernisme og ikkje-mimetisk litteraturteori har drive med i den siste trettiårsperioden. Når Beck opprørt bryt ut på slutten av samtalen at «postmodernistene må være fullstendig gale», lyder det litt patetisk. Beck er tydeleg oppsett på å framvise eit radikalt ytre og erklærer dramatisk at «det er en motsetning mellom frihet, demokrati og kapitalisme», og at det er ein «krig» mellom menneskerettar og den kapitalistiske dynamikken. (Sant nok, jamfør til dømes tendensen til å innføre slavearbeid i Kina, men det er samtidig eit poeng at det er kapitalismen som er den økonomiske føresetnaden for demokrati og ideen om fridom, likskap og menneskerettar.)Redaktør Braanen har i ein leiar (15. mai, 2005) omtalt Becks «klassestandpunkt» og viste til ein artikkelserie i New York Times om det amerikanske klassesamfunnet, som i praksis motseier Becks tese. I ein seinare artikkel om emnet blir det også vist at den oppskrytte sosiale mobiliteten i USA, førestillinga om at ein kan arbeide seg opp frå underklasse til middelklasse, berre er ei patriotisk legende. Men ingenting av dette vil kunne gjere inntrykk på Beck, for dei sosiologiske reiskapane han drar ut i forskingsfeltet med, er i stand til å jamne alle gjenstridige fakta med jorda. Klassebegrepet hans er, for å seie det forsiktig, lite seriøst. Heller ikkje er det originalt, også ein koryfé som Bourdieu nekta for at klassane eksisterer objektivt, i seg sjølve (an sich, som tyskarane seier), uavhengig av om medlemmane har klassemedvit, klassekjensle eller praktiserer solidaritet. Å seie at vi har kapitalisme utan klassar, inneber ein motsetnad i sjølve termen. Kapitalisme føreset at dei eigedomslause sel arbeidskrafta si til kapitaleigarar. Beck er sjølvsagt klar over dette, men trekkjer ikkje den uunngåelege konsekvensen av det, at desse transaksjonane uttrykkjer eit klasseforhold, som konkretiserer seg i utbyttinga i produksjonen. Om Beck hadde rett, ville det på marknaden berre opptre enkle vareprodusentar/seljarar (til dømes bønder, fiskarar) som ikkje baserer seg på lønsarbeid, men som sjølv eig eit bruk, ein sjark, eller ein småbutikk, som såkalla sjølvsysselsette (småborgarskap). Beck lanserer to hovudargument for den klasselause kapitalisme. For det første lever vi i den «andre modernitet», som grovt sagt er tida etter andre verdskrigen, med sine velferdsordningar og menneskerettar, og her, meiner han, er framstegstrua borte. Og for det andre produserer denne andre moderniteten individualitet, og ikkje solidaritet. Det er tida for individets autonomi og for oppløysing av kollektive livsmønster, ikkje minst eit farvel med den tradisjonelle familiestrukturen.