Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I Rumsfeld sitt spel

Tysdag denne veka feira Noreg 100 år som sjølvstendig rike. Vi såg høgtidelege seremoniar med kongefamilie og parlament på fjernsynet, var kanskje på konsert på Rådhusplassen og leste opplysande kronikkar om hendingane i 1905 i avisene. Alt skulle skje i verdige former og utan sjenerande debatt om relevansen av 100-årsjubileet for Noreg i dag. For gjennombrotet for demokratiet og gjenvinninga av ein sjølvstendig utanrikspolitikk har sjølvsagt politisk sprengkraft også i dag, noko eliten gjer sitt beste for å dekka over. Eitt spesielt bilete har likevel festa seg på netthinna. Det er biletet av ein bunadskledd og smilande norsk forsvarsminister som kastar seg om halsen på sin store helt og amerikanske kollega. Donald Rumsfeld var invitert på offisielt besøk til Noreg, og fekk nok ein varmare velkomst enn dei fleste andre stader. Krohn Devold har fleire gonger uttalt seg om si store beundring for Rumsfeld, og det er knappast overraskande at ho ser det som ei stor forteneste å få idolet sitt til Noreg. Ho ser ikkje ut til å bry seg om at ho er på kollisjonskurs med det folket ho er sett til å representera. Ho uroar seg tydelegvis ikkje for at mannen ho omfamnar blir karakterisert som krigsforbrytar av fleirtalet, i alle fall dersom vi skal tru ei spørjeundersøking på VG-nett. At ho og regjeringa vel å markera 100-årsdagen for ein sjølvstendig norsk utanrikspolitikk med å visa så tydeleg for alle nettopp mangelen på ein sjølvstendig ambisjon er nærmast som forventa. Krohn Devold har for lenge sidan levert avskilssøknaden sin, saman med resten av regjeringa. Med ein så umusikalsk forsvarsminister tar vi til takke med nesten kva som helst i staden, gjer vi ikkje? Pustar vi ikkje letta ut om vi bare får sleppa å sjå slike pinlege scenar igjen? Med det andre aktuelle regjeringsalternativet har vi i det minste grunn til å håpa på meir takt og tone. Men utfordringa blir å krevja eit nytt innhald, ikkje bare ny innpakning. Då Stortinget debatterte det som Rumsfeld sitt besøk faktisk handla om, viste det seg at det er eit stykke igjen. Førehandslagra av amerikanske våpen i Noreg er ikkje ein gong ein del av det Nato-medlemsskapet krev av oss. Det er formelt sett ei heilt frivillig ordning. Noreg betaler for at USA kan lagra våpen på vårt territorium, og henta dei når det måtte passa USA. Så lenge Nato opererte innanfor folkeretten var det nok enklare å rettferdiggjera, og minister Devold insisterer framleis på at våpenlagra er eit handfast uttrykk for USA sin vilje til å forsvara Noreg. Men denne forklaringa verkar mindre og mindre sannsynleg i takt med at både Nato og ikkje minst USA sjølv har erklært sine aggressive ambisjonar i dei militærstrategiske konsepta sine. USA var då også innom for å henta våpen i Noreg før åtaka på Afghanistan og Irak. Rettferdiggjeringa får dermed eit meir fantasifullt preg, og i denne konkurransen er vinnaren leiar av forsvarskomiteen Marit Nybakk, som hevdar at våpenlagra nok kan koma til nytte til tilfelle ein ny tsunami. Dei amerikanske våpenlagra på norsk jord er endå eit døme på at Noreg i dag ikkje er meir enn ei brikke i spelet til Rumsfeld. Noreg inngår i USA sin militære infrastruktur saman med så mange andre land. Meir enn 700 amerikanske basar er spreidd over heile verda, og er ein viktig grunn til at USA kan tvinga gjennom viljen sin med overlegen militærmakt. Amerikanske våpenlager på norsk jord er truleg eit lite populært tiltak i den norske befolkninga. Men vi har aldri blitt spurt, og vi har aldri fått høve til å delta i ein opplyst debatt om slike avgjerande vegval for Noreg. Vi forventar sjølvsagt at ei eventuell ny sentrum-venstre-regjering vil operera innanfor folkeretten. Eit like rimeleg krav må vera slutt på hemmeleghald og tøyseargument i tryggings- og forsvarsdebatten. Det hadde vore ei stilig markering av 100 år som sjølvstendig nasjon.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?