Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tvinges ut av jobb

Tone Strenger (63) har arbeidd som grafisk teiknar ved Universitetet i Oslo i om lag 40 år. Og det er ikkje noko ho heller vil enn å halda fram med det. Men frå i dag – 1. juni – reknar arbeidsgivaren hennar med at ho ikkje lenger kjem på jobb. Ifølgje Universitetet er ho no uførepensjonist, til tross for at ho sjølv ikkje er informert. Hennar ønske er tvertom å få høve til å arbeida vidare i 50 prosent stilling iallfall til ho fyller 67 år.