Han er en av de fremste representantene innen hitech-arktitekturen og har vært en globetrotter i engasjementer. I dag fyller den britiske arktitekten Norman Foster 70 år.
Obligatorisk filter
Ureining frå dieselbilar er i dag éi av dei fremste årsakene til utvikling av astma og pustevanskar hjå unge, og substansar i avgassane hev dessutan vist seg å vere sterkt kreftframkallande. Det hev difor lenge vore eit utbreitt ynske om å redusere utsleppa frå slike køyrety, og nyleg kunne den tyske regjeringa melde at ho ynskjer å subsidiere bilar med sokalla miljøfilter ved å auke avgifta på dei utan. Men jamvel om eit slikt filter fjernar 99,9 prosent av dei skadelege partiklane, finst ingen tilsvarande planar i Noreg. I staden risikerer vi å verte oversumde av billege dieselbilar utan reinsing som tyskarane ikkje lenger vil ha. Miljøpartiet dei grøne krev difor snøggast råd ei kursendring frå regjeringa, slik at miljø og folkehelse kan nyte godt av den nye teknologien.