- Norge kan bli en modell for resten av verden. Men da må vi tørre å tenke helt nytt, sier superlobbyisten Per Morten Vigtel.
- Norge har ikke hatt noen næringslivspolitikk å snakke om på flere år! Nå er muligheten til stede for å tenke nytt.
- Norge kan bli en modell for resten av verden. Men da må vi tørre å tenke helt nytt, sier superlobbyisten Per Morten Vigtel.
- Norge har ikke hatt noen næringslivspolitikk å snakke om på flere år! Nå er muligheten til stede for å tenke nytt.
– Påstanden om at lønnsomheten i norske bedrifter er svak, er tvilsom, sier sosialøkonom Knut Vareide.
Marie Krøyer og Oda Krogh er båe udøyeleggjorde på lerretet av sine vidkjende kunstnarmenn og kjende som notoriske bohemkvinner. Men deira eigen kunst har vore gløymt – til no.
Av Guri Kulås (tekst) og Tom Henning Bratlie (foto), LillehammerDei fleste har sett eitt eller fleire av dei blå skumringsbileta frå strendene på Skagen. Sentralt står ofte ei høgreist og vakker, mørkhåra kvinne med lang, kvit kjole og vidbremma sommarhatt. Marie Krøyer er namnet på modellen og det var mannen, den store danske målaren Peder Severin Krøyer, som måla henne. At Marie sjølv var ein talentfull målar, har ettertida gløymt. I kunsthistoria har ho vore modellen og bohemkvinna, den «smukke, egoistiske isjomfru», som inngjekk og braut både truloving og ekteskap med fleire rike, talentfulle menn. Ho har ikkje vorte nemnd som kunstnar sidan 1936. Fyrst for få år sidan fann hennar biograf, Anastassia Arnold, att eit førtitals arbeide etter Marie Krøyer på eit loft i Sverige. Funnet kravde sin sjølvstendige plass i kunsthistoria, og for fyrste gong er mykje av verka hennar no samla i ei utstilling som i sommar blir vist ved Lillehammer Kunstmuseum.