Klassekampen starter i dag en serie om det politiske grunnlaget for en ny sentrum/venstre-regjering. I dagens politiske klima gjennomsyres all tenkning om ledelse, offentlig forvaltning og næringsutvikling av markedsliberalistiske sannheter, ikke minst slik de utformes av konsulentselskaper som KPMG, PricewaterhouseCoopers, Ernst & Young og deres norske avleggere.
Kajakk
– Vi er alle i samme båt, sier naboen. Puddelen Pelle bjeffer og er antagelig som vanlig helt enig med sin herre.
Ikkje svart/kvitt om Iran
Marjane Satrapi vart fødd i Iran i 1969 som eineborn av intellektuelle, progressive foreldre. I den sjølvbiografiske teikneserieromanen «Persepolis» fortel ho om oppveksten sin fram til ho forlét landet for godt i 1994. Som seksåring er Marjane svært fortruleg med Gud, og sikker på at ho skal bli den neste profeten. Yndlingsboka hennar er teikneserien «Den dialektiske materialismen»: «Det var morsomt å se hvor mye Gud og Marx lignet på hverandre. Marx hadde kanskje litt mer krøller.» Men etter kvart vert politikken viktigare for henne enn religionen. At ho får vite at oldefaren hennar var ein av Irans siste keisarar, og at ho blir kjend med ein onkel som har vore i fengsel for si tilknyting til frigjeringa av Azerbadsjan, gjer henne ikkje mindre engasjert. I takt med hennar auka kunnskap og politiske bevisstgjering får også lesaren ei lærerik innføring i historiske fakta og politiske omstende, og dessutan eit innblikk i korleis det påverkar kvardagen til iranaren i gata. Med den islamske revolusjonen flyttar mange av familiens likesinna frå landet. Men faren har sett at utvandra som hadde gode jobbar i heimlandet vert lavtlønna eller arbeidslause i utlandet, og den vesle familien vert verande. Sidan kjem krigen. Eg må seie at eg på førehand trudde eg ville like denne boka, og forventingane mine vart innfridde. Måten store og små hendingar vert framstilte på er heilt herleg. Forma er veldig ryddig og oversiktleg, svart-kvitt-teikningane har ein nesten barnsleg stil. Men dei enkle bileta med tilhøyrande tekstar i eit sakleg forklarande språk formidlar på uforklarleg vis noko mykje meir komplekst enn summen av delane. Denne teikneserieforma, som Satrapi synest å meistre på eit heilt intuitivt nivå, treff frå første side og held deg fjetra heilt til boka er slutt. Berre ein sjeldan gong vert graden av merksemdsfanging seinka frå høg til middels, og blandinga av morosamt og alvorleg gjev ein høve til både å le (ofte utan at ein riktig kan seie kvifor – altså den beste forma for humor), og til å gråte opptil fleire skvettar. Som fjortenåring vert Marji sendt til Østerrike av foreldra for å få ein friare og tryggare ungdomstid. Men åra der vert svært vanskelege for henne, delvis på grunn av hennar iranske bakgrunn. Likevel vert kontrasten til det Iran ho vender tilbake til enorm. Forboda og påboda vert stadig meir ekstreme. På gata vert ei chador-kledd Marji stoppa av gardistar fordi bakenden hennar ser usømeleg ut når ho spring for å rekke bussen. Marjane skriv: «Makthavende hadde skjønt at en person som forlot sitt hjem med disse spørsmålene i hodet: 'Er buksen min lang nok? Er sjalet mitt på plass? Er sminken min synlig? Kommer de til å piske meg?' ikke stilte følgende spørsmål: 'Hvor er min tankefrihet? Hvor er min ytringsfrihet? Er livet mitt levelig? Hva skjer i de politiske fengslene?'» Men Satrapi syner også fram eit anna Iran. Skilnaden er stor mellom det offentlege og det private, og i heimane vert det haldne kortspelkveldar og festar med musikk og alkohol – alt sjølvsagt strengt forbode. «Persepolis» tyder Persias by, og namnet vert brukt om ei samling storslåtte ruinar etter ein by som var hovudstad i det antikke Persia for omlag 2500 år sidan, i landets stordomstid. Boktittelen gjev såleis på den eine sida assosiasjonar til den lange og rike historia til det landet vi i dag kjenner som Iran. Samstundes er det Teheran, der Marjane veks opp, som er det Persepolis ho vil fortelle om. I forordet minner ho om at også dagens Iran er mykje meir enn det einsidige biletet av fundamentalisme, fanatisme og terrorisme som verda har fått sjå etter den islamske revolusjonen i 1979, og dette vil ho vise fram med teikneserien sin. Det har ho lukkast i; den personlege oppvekstskildringa utvidar og nyanserer. Undervegs klarar den også å underhalde, more og ikkje minst røre.Kjelde: http://no.wikipedia.org/wiki/Persepolis 27.05.05
PersepolisMarjane SatrapiNo Comprendo Press Norsk omsetting: Asbjørn ØveråsSidetal: 343 siderTeikneserieroman