Etikken er moralen sin teori, moral transformert til retorikk, språkbruk retta mot handling. Ved hjelp av snakk i skrift og tale om kva som er rett og gale får vi tildriv til å handle på den eine måten i staden for på den andre. Eller til å tenkje oss om ein gong til fordi etikken sår tvil og forvirring – kan hende med handlingslame og tilbaketrekking som resultat. Også den reint beskrivande etikken identifiserer og definerer handlingar inn i ei eller anna oppfatning av røyndomen, lukkar eller opnar den for andre handlingsalternativ. Etikk utøver makt ved språkbruk, eit sikkert kriterium på at etikken fell inn under retorikken og dermed politikken, ikkje filosofien. Etikken har alltid ein agenda. Etikaren er ein påverkingsagent. (Dette kan ein ikkje enkelt nekte for, då negasjonen av etikk, er sjølv etikk.)I den same augneblinken eg tar til å reflektere over ei handling ved omtale eller vurdering, om eg no vender meg til andre eller held kjeft der eg kunne (eller burde) tale, har eg innlemma handlinga i ei språkleg offentlegheit. Og denne offentlegheita er berre eit moment ved ei større offentlegheit av handlingar, av maktforhold og dermed av styrkeforholda i «den store» offentlegheita. Så enten eg vil det eller ikkje blir mi språklege bearbeiding av ei handling dermed eit påverkingsmoment andsynes denne handlinga: stadfeste ho, og dermed låse ho fast i ei bestemt oppfatning av verda, i eit makt- eller avmaktsforhold, løfte ho opp eller rakke ned på ho, reise tvil om ho.