Ei hamn er ein behageleg kvilestad for ei sjel som er trøytt av livsens strid. Den vidstrekte himmelen, skyenes omskiftelege arkitektur, det foranderlege fargespelet i havet, blinka frå fyrtårna, alt saman er eit prisme vedunderleg skapt for å fryde auga utan å trøytte dei. Dei høgreiste skipa med sine flokete riggar, vogga harmonisk av bølgjene, alt tener til å halde ved lag smaken for rytme og venleik i sjela. Og framfor alt er det ei slags mystisk og aristokratisk glede for den som ikkje lenger eig verken nyfikne eller ambisjonar, der han ligg understrekt i utkikkstårnet eller står lent over moloen, å sjå på alle dei som dreg og dei som kjem, dei som enno har viljestyrke, trongen etter å reise eller vinne seg rikdom. I diktsamlingen «Reiseforsikring. Dikt tur-retur» (Samlaget, 2003) finner vi dette diktet av Charles Baudelaire, gjendiktet av Ragnar Hovland. Pariseren Baudelaires (1821-67) er en stor skildrer av storbyens kjedsomheten. Hans prosadikt har hatt stor betydning for utvikling av sjangeren.