Blir ikkje trudd
Det skulle vore fest i går hos ekteparet Ann Kristin og Muneer Arebi Haugen på Teisen i Oslo. Muneer hadde 40-årsdag, og dei hadde planlagt feiring med venner. Men så kom brevet frå Utlendingsnemnda (Une) som feia vekk all glede og feststemning. Heilt sia dei to gifta seg for eitt og eit halvt år sia har dei venta på at han, som opprinneleg kom hit som asylsøkjar frå Libya, skal få lovleg opphald i landet. Men fordi han oppgav falsk identitet da han kom hit, held utlendingsstyremaktene fast på at han skal utvisast. Vedtaket står i vegen for å få behandla ein søknad om familiegjenforeining. Brevet som kom til 40-årsdagen stadfestar at han skal utvisast for fem år.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent