Bolton og Wolfowitz
Peter M. Johansen svarar i Klassekampen 29. april på den kritikken eg kom med (8. april) til ein tidlegare kommentarartikkel frå han (1. april). I svaret understrekar Johansen at det ofte finst ulike motiv som forsterkar kvarandre når konfliktar utviklar seg til krig. I samband med Irak-krigen dreg han fram økonomisk og militær posisjonering andsynes Europa, Kina og Japan, innringing av Kina og nedbryting av dei arabiske statane for å sikra Israels posisjon. Alt dette er eg i grunnen samd med han i – og det var heller ikkje dette eg kommenterte. For Johansen sin kommentar galdt ikkje generelle liner i amerikansk utanriks- og militærpolitikk, men to personar som nyleg hadde fått nye nøkkelstillingar: Bolton og Wolfowitz. I samband med utnemningane la Johansen stor vekt på den trass alt perifere tilknyttinga desse to har til amerikansk oljeindustri, medan han ikkje nemnte den lange og nære tilknyttinga båe har til høgresida i israelsk politikk – ei tilknytting som for Wolfowitz sin del er bortimot ein raud tråd i karrieren hans, både akademisk og politisk.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent