Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Strippa tingrett

Stripping er kunst på line med ballett, og billettar til strippeshow skal difor ikkje vera momspliktige, slo Oslo tingrett fast då Strippeklubben Diamond Go Go Bar denne veka vann over staten i ei rettssak om uteståande momsavgifter på over ein million kroner. Når det blir opp til ei sak som handlar om reglane for offentlege avgifter å avgjera kva som er kunst og kultur, ber det gjerne gale av stad. At tingretten i Oslo ikkje er på høgd med innhaldet i saka, viser då også deira estetiske vurderingar i domspremissane: «Det er en kjent sak at man på spesielle utesteder særlig i utlandet kan få se umåtelig vakre artister som beveger seg grasiøst i takt med musikk, med sensuelle bevegelser og med en gradvis avkledning som gir mange restaurantgjester en svært god opplevelse. Men det er også en rekke strippeshow som … vanskelig kan kalles for noe annet enn banale og vulgære…». Korleis tingretten kom fram til at nettopp strippinga på det nemnde Oslo-etablissementet er scenekunst og ikkje «banal og vulgær», er uvisst. Noko synfaring har vel retten ikkje gjort. Om dommarane er dansekyndige eller på anna vis kan vurdera showet ut frå andre kriterii enn skatterett, er vel også tvilsamt. Kanskje nokre «umåtelig vakre» artistar dukka opp i rettsalen og overtydde lovvaktarane? At saka har påkalla lått, er ikkje underleg, jamvel om dommen i seg sjølv er tragisk nok for alle som helst ser at kvinner og menn deltek i samfunnet på like vilkår. Synet av avkledde kvinner i intim kontakt med ei metallstong, og vidare tilbod om «lapdance» i eige avlukke, smittar over på det generelle synet på kvinner. Fleire av strippeklubbane i Oslo, inkludert Diamond Go Go Bar, ligg i horestrøket. Det er vel ingen løyndom at den «estetiske» opplevinga kundane søker, er den same som blir søkt hjå jentene på gata utanfor. Utan at det naudsynlegvis går føre seg prostitusjon i lokala. Kva kunstnariske ambisjonar klubbeigarane har, er styrt av om jentene greier å få det danseinteresserte publikummet til å leska seg med byens dyraste pils. Men all estetikken ved saka har visst blenda Oslo tingrett frå å gjera slike vurderingar.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen