Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Marcus Jacob Monrad (1816-1897)

«Dommen over Monrad og hans gjerning som lærer i filosofi er gjennemgaaende ugunstig. Hans værker har ikke vekket noget filosofisk tankeliv, hans undervisning blev uten nogen frugtbar virkning. Almindelig er det at gi just ham skylden for, at filosofien førte en hensygnende tilværelse i Norge paa en tid da den gav aandslivet sterke og frugtbare tilskyndinger utenlands.»Slik lydde Anathon Aalls nådelause dom over filosofen og kritikaren Marcus Jacob Monrad. Monrad var fødd på Nøtterøy i 1816, han vart cand. theol i 1840 og professor ved Universitetet i Oslo i 1851. Monrad var oppteken av den tyske filosofen Hegel, i ei tid der det var vindane frå vest og den angloamerikanske filosofien som dominerte. Monrads hovudverk «Tankeretninger i den nyere Tid» frå 1874 var eit kritisk oppgjer i hegeliansk ånd med dei nye positivistiske retningane. Monrad skreiv dessutan særleg om religionsfilosofi, estetikk og etikk og var ein flittig bidragsytar i pressa. Mellom anna skreiv han hausten 1857 ein artikkelserie i Morgenbladet om dei pågåande skule- og universitetsreformene, som med små ortografiske oppdateringar gjerne kunne stått som debattinnlegg mot Kristin Clemet den dag i dag. Monrad kritiserte staten for å ha tatt seg til rette og umyndigjort universitetet på universitetets særskilte ansvars- og kompetanseområde.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?