Magnus i motgang
Odd Øivind Bergstad
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
«En klok leder kan […] ikke og bør heller ikke, holde ord, når dette skader ham og de grunner er falt bort som fikk ham til å gi sitt løfte». Nei, det er ikkje Karl Rove, George W. Bush sin PR-rådgjevar og valkampstrateg, som snakkar. Orda kjem frå Niccolò Machiavelli og den vidgjetne boka hans «Fyrsten».Machiavelli levde frå 1469-1527 byrja ein karriere som aktiv politikar i den uavhengige bystaten Firenze i 1498 og vart mykje nytta som diplomatisk sendebod til Frankrike, Tyskland og pavehoffet i Roma. Men etter eit tiår med diplomatisk teneste mista han posten sin då republikken gjekk i oppløysing. Etter gjentekne og mislukka freistnader på å vinna tillit hjå det nye regimet måtte han trekkja seg tilbake til eit liv med studium av politikken i staden for å få delta direkte i den. Det var likevel ikkje avstand, men den praktiske røynsla med politisk handverk som kom til å danna grunnstammen i Machiavelli sin filosofi, og som skilde han frå tidlegare politiske tenkjarar. «Fyrsten», det mest kjende verket hans, vart t.d. opphavleg skriven for å vinna tillit hjå den styrande Medici-familien og er forma som ein praktisk rettleiar til å vinna og bruka rå politisk makt. Vona til Machiavelli var at ein dyktig politisk leiar skulle samla Italia til ein nasjonalstat og slik fri landet frå framande makter. Det er likevel ikkje tvil om at han også har meint å levera ein generell teori for korleis statsmakt blir vunne og oppretthalde.
Allerede abonnent? Logg inn