Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Våronn

I fjor gjekk skattestyresmaktene ut med lovnad om to månaders utsetting for innlevering av sjølvmelding for folk i frie yrke, så sant det blei gjort elektronisk. Eg var av dei mange som villig let seg lokka, eg dyttar det jo framfor meg til siste frist same kva. Grunnen til at eg nesten alltid blir ferdig i tide, er at det akkumulerte trykket i utsettingsprosessen skaper eit enormt driv. Når eg endeleg tek fatt, går sortering av bilag og utfylling av skjema unna i ein serie skarpe lysblenk. Det er som om det blir kopla inn utanomjordiske krefter. Hjernen min er bare er den tilfeldige materien som den kosmiske energien strøymer gjennom. Hadde det ikkje vore for all den tida som gjekk tapt til å grua seg på førehand, ville det avgjort vore den mest rasjonelle måten å gjera det på. I alle fall er det langt meir effektivt enn å vasa bort dyrebare maidagar med ein dysfunksjonell internettvariant, for sidan å måtta gjera det om att på papir.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?