Alle som har sett Christine Koht sitt tv-program «Jan Johansen» i vinter vil vita at den gjennomsnittlege norske arbeidarklassemannen er «praktisk», elskar å bowla og har ølbrikker på veggen. Koht sitt «studium» ber visse likskapstrekk med granskingane til den no avdøydde franske sosiologen Pierre Bourdieu. Men i motsetnad til urbane middelklassejournalistar som Koht brukte aldri Bourdieu antropologiske observasjonar til (implisitt) å stadfesta sin eigen smak som «god». I staden sette han seg føre å avdekkja kvifor smaken ikkje er som baken, og slik motverka det han kalla utøvinga av symbolsk vald. Gjennom omfattande empiriske studium av folk sine kulturelle preferansar, mest kjend gjennom boka «Distinksjonen» (Pax, 1995), argumenterer Bourdieu for at førestillingane våre om «god» og «dårleg» smak inngår i ein sosial kamp om å definera røyndomen. Årsaka til at dei kulturelle preferansane våre sjeldan er så individuelle og særmerkte som vi vil ha det til, kjem av at vi er sosialt plasserte i dominerande eller dominerte posisjonar, m.a. gjennom ulik tilgang på kulturell kapital, hevdar Bourdieu. Den økonomiske parallellen er ikkje tilfelleleg: Også på den kulturelle marknaden kan det t.d. oppstå inflasjon, som når B-gjengen kjøper BMW eller golf blir den nye «folkesporten». (I slike tilfelle vil menneske med ein dominerande smak gjerne få nye distingverande preferansar, som Jaguar og seiling.) Ein av dei viktige innsiktene til Bourdieu er at vi, gjennom kroppsleggjorde disposisjonar (habitus) som heng nært saman med tilgangen på kulturell kapital, sjølve deltek i eit sosialt strukturerings- og plasseringsarbeid i høve til kvarandre. Når den typiske Jan Johansen utbryt at opera ikkje er noko for slike som han stadfester han for seg sjølv det han alt har vorte nekta: Han manglar på førehand den kulturelle kapitalen som skal til for å setja pris på slik «høgverdig» musikk.«Distinksjonen» er typisk for Bourdieu sin sosiologi, som alltid hadde som utgangspunkt å freista forstå korleis tilhøvet mellom sosiale og mentale strukturar formar praktisk samfunnsliv og makttilhøve. Bourdieu gjennomførte liknande empiriske studium innan ei rad ulike område, m.a. akademia («Homo academicus», 1984), utdanningseliten («Noblesse d'êtat», 1989) og kunstfeltet («Les règles de l'art», 1992). Arbeida til Bourdieu gjorde han både til ein av dei leiande sosiologane i vår tid, og svært omstridd. På 1990-talet engasjerte han seg meir direkte i det løpande samfunnsordskiftet, med bøker som m.a. «Om fjernsynet» (Gyldendal, 1998) og «Den maskuline dominans» (Pax, 2000). Med desse arbeida og det sterke engasjementet mot nyliberalismen fikk Bourdieu også ei markert rolle i den politiske debatten i Frankrike. 23. januar 2002 døydde Pierre Bourdieu av kreft, vel 71 år gammel. Med det hadde ein av sosiologien sine mest markante figurar i det 20. århundre gått bort.