Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Å vere til for andre

I Klassekampen laurdag 19. mars uttaler stipendiat ved universitet i Uppsala, Jenny Westerstrand: «Prostitusjon som foreteelse kjennetegnes av at kvinnene som prostituerer seg er til for andres skyld. Da er det bare alt for typisk at også hjelpeapparatets personer sier at «de flotte damene på gaten» gir dem «nerve» og «intensitet i livet».»Men er dette noko som gjeld særskilt for dei prostituerte og hjelparane deira –Er ikkje dette eit problem i mange «yrke»? At i «arbeidstida» vert det venta at ein berre skal «vere til for andre»: for «eigaren» eller for «horekunden som alltid har rett...» Slik vert folk fysisk eller psykisk sjuke. Og vert då teken hand om av «hjelpeapparatet». Der kvinner «er til for andres skyld». Slik er det i det «ordinære» yrkeslivet og slik er det gatelangs. Det ville vere rart om ikkje «hjelpeapparatets personer» – tenesteytande kvinner i lågtløna og hardt arbeid – prøvde finne meining og intensitet midt oppe i slitet med «å vere til for andre». Eg synst elles det gjev god symbolsk meining med kriminalisering av prostitusjonen no som arbeidslivet elles vert modernisert – ombygd til eit borgarleg horehus.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?