Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Å leva og døy i USA

Denne påska vart det som må kallast ein familietragedie gjenstand for eit morbid politisk spel i USA.Det gjeld sjølvsagt tilfellet Terry Schiavo. Den legeerklærte hjernedøde Florida-kvinna vart permanent hjerneskadd grunna oksygenmangel etter eit hjarteinfarkt i 1990. Ikkje lenge etter byrja ein desperat kamp mellom ektemannen Michael Schiavo og foreldra Mary og Bob Schindler om kven som skulle vera verje for Terry og korleis hennar koma skulle handsamast. Inne i konflikten finst også ein million dollar i erstatning for medisinsk feilbehandling, tilkjent Schavio i 1992. Aggressive advokatar på båe sider og fleire rundar i rettsapparatet, har lagt tunge steinar til børa som sjukdommen til den unge kvinna må ha utgjort. Ektemannen meiner Terry sjølv ikkje ville bli halden kunstig i live i ein vegetative tilstand, slik ho blir no, medan foreldra meiner det enno er von om at dottera kan bli frisk.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen