Kriminalsjef Foyle reddar påskekrimen

I Noreg har NRK gjennom tiår med stort hell greidd å gjera kriminalseriar til ein del av påska for mange av oss. Det å følgja løysinga av eit kriminalmysterium over nokre kveldar høyrer liksom med for å koma ned på den rette «helgepulsen».For at denne absurditeten – at utbrettinga av eit brotsverk skal ha ein roande effekt på nervane – skal ha sin verknad, må den følgja reglane som gjeld for alle ritual: Det må vera små variasjonar over eit velkjent tema. Difor fungerte stadig nye rundar med PD James' Adam Daglish. Underteikna er av same årsak også mellom dei som framleis ein gong i året toler ein dose av den teatrale Hercule Poirot – spela av David Suchet – både på grunn av spelet til Suchet og den utsøkte art deco-scenografien.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen