– Det er stor forskjell mellom gutane som heng på Grønland i Oslo om ettermiddagen og er opptekne av bilar, og på jenter med hijab som er i gang med andre semester på medisin. Det er den fyrste gruppa vi må venda oss til, dei som ikkje les. Det er dei som treng det mest, dei som har mest problem med å meistra språket og det er dei som er minst integrerte. Aslak Sira Myhre, daglag leiar for «Foreningen !Les», prentar inn bodskapen sin. Rundt han i ein fullsett sal sit norske bibliotekarar, representantar for bokbransjen og lærarar. Dei er på konferanse med Sira Myhre og foreninga for å diskutera kva som kan gjerast for å få fleire innvandrarar til å lesa meir. Men innvandrarar er ikkje ei einskapleg gruppe, seier Sira Myhre.