Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Helseetikk på slump!

Helgas mediaomtale gjev grunn til stor uro for kva som er i ferd med å skje innan helseføretaka. At sjukehusøkonomien er trong, er inga bombe. Det kostar med fallskjermar til dei ulike leiarane lyt kasta korta. Dersom kravet om nye nedskjeringar i helseføretaka med cirka 1360 årsverk er reelt, kan dette få katastrofale konsekvensar. Framlegget frå Sosial- og helsedepartementet om å endra forskriftene for rekneskapen, vil ha ein tilslørande effekt, og «dei lukka roms» politikk vil om mogleg verta endå mindre open for innsyn. Dette er stikk i strid med hovudomsynet til rekneskapslova – som er å verka opplysande. «Pervertert etatsstyring», som ein av kritikarane kallar det. Når helseføretaka skal tilpassa resultatet av materiellavskrivinga slik det passar dei reint økonomisk, er det grunn til å vera på vakt. Det handlar om å løyna ei framtidig økonomisk bombe. Dette vil igjen gå ut over helsehjelpa til pasientane. Dei siste åra har me opplevd at økonomanes språk er innført i helsestellet. Der snakkar dei no om produkt, produksjonseiningar, kortast mogleg leveringstid, lønnsemd, budsjettbalanse og kvalitetssikring. Pasienten i sentrum! Dette ordtaket er gøymt vekk. Er det ikkje menneske som treng hjelp helseføretaka er til for? Då staten i 2001 overtok sjukehusa, var det mange som var skeptiske og åtvara. Åtvaringane vart då skuva til sides, men mange meiner dei ansvarlege for helsestellet no lyt lesa dei (Motmeldinga) ein gong til. Er det ikkje på tide å ta konsekvensane av dette – kopla inn reversen og snu? Reine fjellvettreglane. I staden for å innføra tilslørande retningsliner og auka kokelimonke. Den vinstkulturen som er rår på børsen, kan ikkje nyttast i helsevesenet. Her skal menneskelege verdiar rå: omsorg, lindring og trøyst. Å heila eller gjera frisk er likevel det viktigaste. Å sjå pasienten, taka omsyn til heile mennesket lyt vera grunnregelen. Den budsjettmessige vårknipa i helsesektoren kan råka på mange vis om ikkje politikarane skjer gjennom. Det absolutte kravet om budsjettbalanse vil kunne få mange uheldige konsekvensar: nedlegging og eit stadig større press på politikarane om nødvendig sentralisering av sjukehus. Færre legar, sjukepleiarar og andre faggrupper ved sjukehusa er andre tilleggkonsekvensar. At pasienten skal betala sjølve ser ut til å vera målet. Privatiseringa av helsehjelpa veks, og skilnaden på kven som har råd til å søkja hjelp og dei som ikkje har det, aukar. Amerikanske tilstander. Som pasient og kronikar ser eg med stor uro på denne utviklinga. Vår gruppa vil ikkje koma først i helsekøen når no alt strammast til. Me er redde for framtida. Eg vil gje ros til dei omsorgsfulle tilsette på sjukehusa som i ein stressa arbeidssituasjon gjer sitt beste og står på. Dei fortener ein meir menneskelege arbeidstilhøve. At Senterpartiet no viser veg i denne saka er prisverdig. Arbeiderpartiet er på glid. Måtte dei andre partia koma etter. Vakn opp!

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen