– Forkasteleg stipendpraksis

Motstandsmann og byråkrat Kristian Ottosen, Samtiden-redaktør Knut Olav Åmås og psykiater Einar Kringlen har alle noko til felles. Dei har svært høge lønnsinntekter eller statspensjonar, og i år får dei stipend frå Norsk faglitterære forfattar og omsettarforeining (NFF). I 2002 hadde Einar Kringlen ei nettoinntekt på 486 900, Kristian Ottosens nettoinntekt var 479 200 og Knut Olav Åmås tente 585 200 etter frådrag. Basert på ei normal framskriving vil alle tre tene endå meir i 2005. Likevel får Ottosen 220 000 i stipend frå NFF på toppen av pensjonen, Knut Olav Åmås får 198 000 i stipend i tillegg til løna frå Aftenposten og Samtiden, medan statspensjonist Einar Kringlen må nøye seg med 44 000 kroner frå NFF attåt Folketrygda og Statens pensjonskasse.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen