Uroa over asyl-ventemottak
SV har i Stortinget foreslått at det skal lagast eigne ventemottak for asylsøkjarar som mister retten til å bu i vanlege asylmottak etter at dei har fått endeleg avslag på asylsøknadene sine. Kommunalminister Erna Solberg følgjer no opp dette med å gi Utlendingsdirektoratet (UDI) i oppdrag å utarbeida framlegg til organisering av eit utreisesenter. I brev til UDI 9. mars presiserer Solberg kva for føringar ho vil leggja for UDI sitt arbeid. Butilbodet skal vera ope og frivillig, med ein nøktern standard, og skal «kun inneholde tilbud om tak over hodet og enkel forpleining». Fagsjef Rune Berglund Steen i Noas (Norsk organisasjon for asylsøkere) meiner det er positivt at asylsøkjarar som har fått endeleg avslag ikkje skal vera nøydde til å bu på gata. Men han understrekar samtidig at dei menneskerettslege problema for folk som har budd opptil ti år i landet utan å ha fått rett til opphald, ikkje på nokon måte er løyst med eit nytt mellombels tilbod.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn