«Arbeidskraftimport»
«Arbeidskraftimport ville ikke forekomme dersom ikke arbeidsinnvandrere enten var billigere, eller på annen måte mer attraktive enn de arbeiderne som alt var etablert i landet,» skriv Ottar Brox på debattsida i Klassekampen 4. mars. Det som er karakteristisk for Brox sin konsekvente bruk av omgrepet arbeidskraftimport og heile tankemåten hans i dette spørsmålet, er at han ser på utanlandske arbeidarar som ei meir eller mindre medvetslaus gruppe som lét seg frakte fram og attende over landegrensene som reine reiskap for arbeidsgivarane. Han ser ikkje at det stort sett dreiar seg om folk som på grunn av arbeidsløyse og anna naud der dei bur, søker ut i verda for å få arbeid og ei løn å leve av. Han ser heller ikkje at slik utvandring vil vere positiv for dei arbeidsfolka som blir igjen i desse landa, på same måten som emigrasjonen frå Norge frå midten av 1800-talet skapte ein strammare arbeidsmarknad her i landet og dermed ein sterkare posisjon overfor arbeidsgivarane for dei eigedomslause som blei igjen. Dette var da også Marcus Thrane sitt hovudargument for ei utvandring som arbeidsherrane framstilte nærmast som landssvik.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn