Frå 1905 til kortreist mat
Som leiar i sogenemnda i heimkommunen min, fekk eg i haust invitasjon frå ordføraren til å delta i førebuinga av den lokale feiringa av hundreårsjubileet for 1905. Ved brevet var det lagt ved eit skriv frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane til alle kommunane i fylket. «Noreg 100 år som eigen nasjon – markering i din kommune» er overskrifta. «I 2005 er det 100 år sidan Noreg reiv seg laus frå Sverige og vi fekk vår eigen konge. Dette må markerast, også i din kommune», heiter det. Vidare blir det informert kort om Norge 2005, om at det er sett ned ei styringsgruppe som skal koordinere og leie arbeidet i fylket (der fire av sju medlemmer kjem frå fylkesmannen og fylkeskommunen), og om kva slags aktivitetar ein har planlagt for Sogn og Fjordane. Mellom anna ønskjer ein å setje fokus på verdien av lokal matproduksjon, tradisjonsmat, mat frå andre kulturar og fordeling av mat mellom i-land og u-land i eit prosjekt med tittelen «Kortreist mat 2005». Målgruppe for aktivitetane er særleg born i grunnskulen.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn