Klassekampen skriv i ein notis 3. mars at fleirtalet på Stortinget kjem til å vedta å konkurranseutsetta brevposten frå 2007. Regjeringa får, ikkje overraskande, stønad frå Frp, medan troikaen Ap/SV/Sp ifølge Klassekampen er «kritiske til at eneretten skal oppheves så tidlig.» Raud Valallianse går mot å innføra konkurranse på brevpost, uavhengig om dette skjer «tidleg» eller ikkje. Posttenester er ein naudsynt del av samfunnet sin infrastruktur, og skal organiserast for å sikra god kommunikasjon for folk i Noreg, ikkje for å tena mest mogleg pengar. Vi trur ingenting på forsikringane om at einskapsprisen vil verta oppretthaldt dersom det kjem private aktørar inn i brevpostmarknaden – det vil berre vera eit tidsspørsmål før det vert dyrare å senda brev til distrikta enn til sentrale strøk. Posttenester er eit naturleg monopol – det er komplett irrasjonelt å bygga opp parallelle system for postombering. Konkurranse vil dermed ikkje berre vera distriktsfiendtleg, men vil óg vera sløsing med ressursar. RV er ikkje representert på Stortinget i dag, men vi kan lova at dersom konkurranseutsetting av brevpost vert vedteke no, vil RV fremma forslag om å reversera vedtaket med ein gong vi kjem inn på tinget att etter valet til hausten. Vi voner at opposisjonstroikaen vil støtta eit slikt forslag. I så fall veit eg at mange posttilsette og folk i distriktsnoreg vil søva lettare om nettene.