Kvinnemakta skjuler seg, påstår Knut Olav Åmås. Han er skuffa fordi ein kvinnekonferanse han har meldt seg på ikkje blir noko av. Her skulle det observerast, i mindretal og margin, som han skriv, men så er det berre 16 som har meldt seg på. Og det held ikkje. Ikkje når det nyprivatiserte Statskonsult AS skal ha 3200 kroner frå kvar deltakar for å ha råd til formiddagskalaset. Åmås blir så sjokkert over avlysinga at han sporenstreks sender epost til 6-7 mektige kvinner for å be om deira syn, men berre foredragshaldarane og likestillingsdirektøren svarar med namn. Temaet er for delikat, grunngjev Åmås anonymiseringsønskjet med. Ei av dei, «kjent næringslivsdirektør», hevdar nemleg at det er tabu for kvinner å ønskja makt. Det er så ein skulle tru svaret var løgn og fanteri. I beste fall visste ikkje næringslivsdirektøren kva konferanse ho kommenterte. Eg har vore inne på heimesidene til Statskonsult, og det var ikkje småtterier konferansearrangøren kunne tilby. «Vi stiller spørsmålene hva er egentlig makt og innflytelse? Hvorfor skal man ønske seg makt? Hva vil det si å ha innflytelse? Hvordan har det seg at noen oppnår mer makt og innflytelse enn andre?» Målgruppa: Kvinner som jobbar i staten. Kanskje det berre er eg som er i frykteleg dårleg humør. Men eg greier ikkje la vera å lesa omtalen utan barne-tv-stemme: Hva er egentlig makt og innflytelse? Hvordan har det seg at noen oppnår mer innflytelse enn andre? Kva er det for slags spørsmål? Rett opp handa den som trur at menn i staten hadde meldt seg på ein slik konferanse. Oj, det var fleire enn eg trudde. Og kvifor hadde menn i staten meldt seg på? Jaha, fordi det er stas å reisa på konferanse? Ein formiddag i Oslo Militære Samfunn kunne gjort susen slik rett før ei helg. Ein kunne ha skaffa seg ein oval weekend: Litt konferanse torsdag. Fri fredag, lørdag og søndag. Oppkvikka og frisk attende i statleg jobb på mandag. Men for å sitera ei kvinne eg drøfta dette med, «kjent maktutreiar» som det heiter: «Vel, Statskonsult hadde ikke akkurat vekket mitt begjær.» Om det er kvinneleg hallelujastemning Åmås drøymer om, er det flust av kvinnekonferansar han kan få med seg. Kanskje kan han særskilt merka seg denne NHO-konferansen nå på fredag i Telenorbygget: «Makt er ikke noe du får – makt er noe du tar!» Her trur eg til og med det kan observerast heilt gratis. I skjul.