Empati som moralsk vegvisar
«En dag oppdaget jeg …[minnetavlen til Sophie Scholl], og da gikk det opp for meg at hun ble henrettet i 1943, når livet mitt med Hitler først begynte for alvor, ble jeg sjokkert på det dypeste. …hun hadde i høyeste grad innsett at hun hadde med et forbrytersk regime å gjøre. Plutselig forsvant unnskyldningene mine.» (Traudl Junge: «Til siste slutt. Jeg var Hitlers sekretær», PP forlag 2005)Slik fortel Traudl Junge (1920-2002), Adolf Hitlers sekretær, om opplevinga som utløyste skuldkjensla ho etter 2. verdskrigen berre hadde kjend som uforklarleg depresjon. Til no hadde ho sagt til seg sjølv at ho var så ung – 22 år – då ho vart tilsett som Føraren sin personlege sekretær. Så oppdaga ho altså at Sophie Scholl – ein av studentane som dreiv motstandsgruppa «Die Weiße Rose» – ikkje var eldre då ho vart avretta av Gestapo. Historia hennar er igjen aktuell i filmen «Der Untergang». Sophie Scholl (1921-43) var det fjerde av fem barn i ein velståande og lukkeleg familie. 12 år gammal vart ho med i Hitler-Jugend, som dei fleste av klassekameratane, oppglødd av retorikken som dyrka fysisk fostring, heimstad, venskap og ætt. Men entusiasmen vart snart til kritikk. Familien hennar var dissidentar og både faren og brørne vart arrestert ved ulike tilfelle. Sophie Scholl utvikla ei interesse for filosofi og teologi som ei alternativ verd til nasjonalsosialismen, og den kristne trua vart viktig for hennar syn på korleis individet burde handla i eit diktatur. Som talentfull teiknar, kom Scholl i kontakt med såkalla «degenererte» kunstnarar.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn