Den strålande prinsen
Murasaki Shikibu: «Soga om Genji»Den engelske orientalisten og omsetjaren Arthur Waley (1889-1966) vil vere kjend for norske lesarar for omsetjingane sine av klassisk kinesisk poesi. At han også omsette store mengder prosa, både frå kinesisk og japansk, er truleg noe mindre kjend, men han har mellom anna omsett det mektige romanverket Genji monogatari av den japanske forfattarinna Murasaki Shikibu (heretter kalla Murasaki) som levde i Japan for temmeleg nøyaktig 1000 år sidan. «Genji monogatari», eller «The Tale of Genji», som den engelske tittelen lyder, er eit verk på 2500 sider og blei første gongen utgjeven i England i perioden 1925-32. Det blir rekna som ein av merkesteinane i verdslitteraturen, og ein meiner det er, om ikkje det aller første, så i alle fall det første framståande verket innan romangenren i det heile. Då Del I blei utgjeven i England i 1925, vakte det enorm merksemd og boka kom i fleire opplag same året. Vidare omsetjingar frå engelsk, til mellom anna skandinaviske språk, kom raskt, den første til svensk i 1928. Omsetjingar til norsk manglar, her som i mange andre tilfelle, men der finst ei nyare omsetjing av Del I til svensk (1987), og fleire til engelsk, den siste kom i 2002. Kven var så denne kvinna som av mange blir rekna som verdens første romanforfattar? Dei biografiske opplysningane er sparsame, og kan også variere frå kjelde til kjelde. Dette har truleg med den tilbaketrekte stillinga japanske kvinner normalt hadde den gongen. Fødselsåret blir sett til ca. 973 AD, dødsåret varierer frå 1014 til 1025. Forfattarskapet til Murasaki er svært omfattande og inneheld både roman(ar), dagbøker og poesi. Murasaki blei sjeldan nemnd i si eiga samtid, men i dag finst der både tekstkritiske utgåver og bindsterke spesialleksika om forfattarskapet. Berre ættesoga i Soga om Genji har eit eige band med kommentarar. Forfattarnamnet Murasaki Shikibu er eit pseudonym, og etternamnet viser til farens yrke og sosiale rang. Ho kom frå ei av dei mektigaste familiene i Japan, Fujiwarafamilien, men far hennar var likevel «berre» guvernør i provinsen. Han var ein lærd mann, og Murasaki skal ha vore eit uvanleg gåverikt barn. Ho fekk stort sett same tilgang til kunnskapar som gutar fekk, berre når det galdt framande språk (kinesisk) møtte ho hindringar; å lære kinesisk var eit privilegium reservert for menn. Likevel greidde ho å tileigne seg språket ved å lye ved døra når broren fekk undervisning.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn