Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Samanslåinga av Aust- og Vest-Tyskland førte ikkje til den økonomiske og sosiale oppgangen austtyskarane hadde forventa. Alt då 15-årsjubileet for rivinga av muren vart feira, hadde det vakse fram ein nostalgi andsynes landet som forsvann over natta i november 1989. Jamvel om det var DDRs eigne innbyggjarar som til sjuande og sist pressa fram attendeføringa.Barndomsikon«Ostalgi» vart namnet på retro-fenomenet, og det har lite med forsvar av DDR-styresmaktene og Erich Honnecker å gjera. Men det er samstundes ei ignorering av diktaturet dei leia. Ikkje uventa er det då også særleg yngre «ossis», dei som var tidleg i tenåra då muren vart riven, som har vore dei sterkaste ostalgikarane, og dei som byrja å leita fram og dyrka ikon for ei lukkeleg fortid – ofte synonymt med oppvekstskildringar og barndomsminne. Det kunne vera barne-tvhelten Jon Blund, den austtyske bilen Trabant, eller kunstløpstjerna Katarina Witt.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?