Er open for nye forslag
I eit innlegg i Klassekampen 9. februar («Å hindre fattigdom») skriv Senterpartiet sin stortingsrepresentant, Magnhild M. Kleppa, at partiet «vil fortsette arbeidet for å løfte menneske ut or fattigdom». Ho viser til dei gode intensjonane i Utjamningsmeldinga frå 1999 om «eit mjukare arbeidsliv», «betre offentlege tenester», «ein meir sosial bustadspolitikk», «eit meir finmaska tryggingsnett» og «eit meir rettferdig skattesystem». At desse ynskjemåla ikkje er innfridde tilskriv ho den sitjande regjeringa sin medverknad til auka press i arbeidslivet, ein mindre sosial bustadspolitikk og reduserte offentlege tenester. Kleppa meiner det trengst målretta tiltak mot fattigdom, og at det hastar med å gjennomføre «grunnleggjande politiske og økonomiske endringar». Dette er vi heilt samde om. Men situasjonsanalyse og kritikk åleine er ikkje nok. Han må følgjast opp av handling, av konkrete forslag til kva for tiltak eller systemendringar som må til for å betre levekåra for dei fattige og førebyggje sosial naud på ein varig og verknadsfull måte.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn