Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Riksmål og velje-vas

1. Den største språklege undertrykkinga i Noreg er at riksmålstalande ikkje får lov å skrive absolutt alt slik dei er oppseda til å utstøyte lydkombinasjonane sine. 2. Bokmålet skal dominere fordi det dominerer. Dette er hovudpåstandar frå den reaksjonære og småborgarlege sida i språkkampen i Noreg. (Merk dei to stygge orda: reaksjonær og småborgarleg. Eg skriv dei ein gong til, eg: reaksjonær og småborgarleg.) Høgre påstår at språkstriden «eigentleg» handlar om valfridom. Velje-vaset deira viser no sitt sanne ansikt: Ved skolar i Oslo der dei har gått med på skandaleforsøket til Høgre-byrådet om «valfritt» sidemål, har kvar femte elev likevel valt å ha opplæring i nynorsk. Den valfridommen enkelte skolar då kjem opp med i praksis, er eit tilbod om ekstraundervisning i nynorsk etter skoletid. Dei får altså ikkje det dei har valt, nemleg normale norsktimar. Høgre sin «valfridom» er at du kan velje mellom det Høgre allernådigst tenkjer å tilby deg – men ikkje det du sjølv vil ha.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?