Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Feil om gymnaslærer

Manusforfattar Hans Petter Blad blir intervjua om Solstad-filmen tirsdag 8. februar. Noko er feil der, noko som skuldast Blad eller intervjuaren (eller begge). Blad snakkar om «Knut Pedersens personlege grunnar for å bryte med ml-bevegelsen», at dette er noko ein skal la liggje i filmen. Saka er snudd på hovudet. Mykje av det spreke med romanen til Dag Solstad er jo nettopp at etter ei ustyrteleg morosam kødding med, og ein god del vektig kritikk av, ml-rørsla i romanen, så ønskjer jo hovudpersonen likevel ikkje å forlate det som dengong var AKP(m-l), seinare berre AKP. Det er vennen hans, bipersonen Werner Ludal, som går over til Det norske Arbeiderparti. Knut Pedersen filosoferer og erklærer (sitat s 280): «(...) Jeg foretrakk å beholde min forstand, fordi jeg gjennom den hadde greidd å dementere det alle så: At jeg var en hvit mann (...)» Dette er grunngjevinga hans. Og konklusjonen blir (sitat s 281): «(...) jeg fortsatte som før. En revolusjonær intellektuell i byen Larvik, som E-18 går i ei sløyfe utenom. Medlem av – unnskyld uttrykket – dette forpulte AKP (m-l).»Slike fakta går det ikkje an å snu på for avisa Klassekampen eller filmmakaren Hans Petter Blad. Eg er ikkje med i AKP, men romanen og hovudpersonen må respekterast meir enn dette. Helge Rykkja er lyriker

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?