Vener for livet
Det er klart ein ikkje kan halde på dei same venene når livet elles er eit prosjekt. Vener frå barndommen, til dømes. Dei blir lett både uvitande og keisame bremseklossar. Særskilt etter at dei får barn. Vener med barn, som framleis bur på barndomsstaden du har tatt eit konsist oppgjer med, går det ikkje ein gong å snakke om. Ingen gjer heller det. Det mest funksjonelle når ein driv med Prosjektet er eit nettverk. Nettverket kan også definerast som ein Krets, som i «B-kretsen». Ein krets er noko heilt anna enn ein gjeng, «B-gjengen», fordi ein krets kan kome til å bli ein generasjon; «B-generasjonen». Du kan gjerne omtale nettverksfolk som vener. Men det er stort sett når vedkommande sjølv ikkje er til stades. I alle fall er det slik i byrjinga: Min venn x (den store forfattaren), kan ein gjerne seie til y, som også har lyst til å kjenne x, og dermed i neste omgong kjem til å omtale deg som hennar venn til z. Og då har vi det gåande. Den store forfattar x blir, fordi ho kjenner deg, invitert på ein fest hjå z, og du kjenner at livet nett no kan ta ei heilt ny vending. Det er ein skikkeleg bra fest viser det seg. Straks du er innanfor døra ser du til dømes at ø også er her. Ø er den Premissleverandøren du set høgast, men som du aldri tidlegare har tort å ta kontakt med. Ø har i alle år vore den største kritikaren (offentleg) av x. Og sjølv om du kjenner x, er du i grunnen ganske samd med ø, noko du sjølvsagt aldri skulle ha fortalt x. Men no står han og heng på kjøkkenet med y, directly from Frankfurt, og du takkar Forsynet for at du rett før du gjekk på fest hadde fått med deg den siste Skandalen. Du er i det heile tatt så på offensiven at du føler, meir enn registrerer, at eit medlem av kongefamilien står berre få centimeter frå deg. Før du veit ordet av det er de i djup samtale, og det viser seg at den kongelege, som du fleire gonger har omtalt som eit nek, er kolossalt hyggeleg og til og med har lese noko du har skrive. Du blir så oppøst og frampå at du riv ø med deg i samtalen. Den kongelege ler. Du fortel om Skandalen. No ler ø også, og du tenkjer at no skulle dei sett deg alle venene frå ungdomsskulen. Dei hadde ikkje trudd sine eigne augo. Dette er Prosjektet, tenkjer du. Frå no av kan alt berre gå oppover. Hilde Sandvik er redaktør i Syn og Segn
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent