RV-Kristensen og logikken
Brigt Kristensen læst i Klassekampen 28. januar som RV i motsetning til SV står i brodden for folkeleg motstand mot svelteforinga av kommunane. Det er litt merkeleg, for her i Møre og Romsdal finst det knapt noko RV att i eit einaste kommunestyre etter siste kommunevalet. Så det må ha dei ha gjort heilt utan at folket la merke til det. Men i år er det eit avgjerande stortingsval her i landet. Kristensen vil også ha ny regjering, seier han. Eg reknar med han vil at venstresida skal stå sterkast mogleg i det eventuelle nye fleirtalet og den eventuelle nye regjeringa au. Men kva har han tenkt at RV skal gjere for å få til det? Halde fram med å gjere kritikk av SV til hovudsak? Halde fram med å prøve å stele stemmer frå SV, med det resultatet at stemmene på venstresida blir splitta, fleire stemmer blir bortkasta og færre representantar frå venstresida kjem inn? Da eg ved eit tidlegare høve her i Klassekampen bad RV vurdere å foreslå fellesliste med SV i nokre fylke mot å trekkje RV-listene i andre, blei det avvist med forakt, og med ein argumentasjon som var omlag slik: Arbeidarpartiet er eigentleg like ille som Høgre, og SV er eigentleg like ille som Arbeidarpartiet. Kva skal vi med eit nytt fleirtal og ei ny regjering da, Kristensen?
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn