Klassekampen presiserer:
I Kåre Lundens leserinnleg av i går er følgende passus hentet fra Lundens artikkel «Målrørsla og det nasjonale i 90-åra» i Nytt Norsk Tidsskrift 4/1991:«'Nynorsk som einaste riksmål' trur eg ikkje særleg på. Eg trur knapt utsiktene kan vere gode. Personleg deler eg heller ikkje ei slik målsetjing. Eit hovudargument for å halde oppe nynorsken, med heile den litteraturen som no finst på det språket, er for meg det allmenne kulturvernomsynet. Det er barbari å skusle vekk mindre verdiar enn denne. Men så lyt vi vedgå at Wergeland, Bjørnson, Ibsen, Hamsun og Øverland med fleire representerer heller ikkje ein så ringe kulturvern-verdi. Vi bør vedgå – dersom det er nokon som framleis ikkje gjer det – at riksmålet og riksmålslitteraturen er ein svært viktig del av den arven historia vår – slik ho faktisk har arta seg – har gitt oss. Å halde den arven i stand vil seie å halde han levande, likså vel for riksmålet som for nynorsken og folkemålet. Det aller viktigaste er likevel at det finst nokon som reknar bokmålet/riksmålet for sitt morsmål. Det kan ikkje vere mindre av ein menneskerett for dei å få halde på det, under rimelege vilkår, enn for målfolk, samar og kven som helst elles. Lat meg likevel seie at nynorsktradisjonen burde bli den sterkaste her i landet, sett frå ein folkeleg synsstad. To norske skriftspråk er det då vi bor halde oppe, omfram samisk. Og det er ikkje noko særsyn for ein nasjonalstat. Problemstillinga bør ikkje vere at vi ikkje har råd til to, men at vi på ingen måte har råd til, eller lov til, å avskaffe noko av dei.»Dette kom ikke fram i innlegget. Klassekampen beklager. (red.)
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn