Flodbølga som brått forandra vår nakne velstand til vår nakne død har med rasande kraft skylt innover sjelekammera våre. Lik ein utilnærmeleg og nådelaus Jahve har noko djupt nede i jordmantelen skapt ei katastrofe av bibelske dimensjonar. Men det å lande einsam på ei ukjent strand er samstundes eit sterkt mytisk bilete. Havet er ei demokratisk grav utan fedreland. Dei havet har teke blir skylte nakne og einsame inn på ukjente strender, saman men spreidd og løyste frå alt. På desse vansira ugjenkjennelege strendene, som havet tok i ein mektig apokalytisk augneblink og løfta alt opp og kasta alt frå seg igjen nakent og forsvarslaust, har det oppstått eit til no ukjent fellesskap av einsam, brå død. Det er eit fellesskap som har vekt intens verdsomspennande sorg og medkjensle. I mangel av ord er givargleda privat og offentleg eit vitnesbyrd om akkurat det. Flodbølga har ikkje berre blindt utsletta liv, smadra hus og brote seg gjennom alt vernande, men ho har også viska bort meining. Om minibarar og barnelik flaut side om side under tropesola langt avgarde blant palmer og søppel, har på tilsvarande vis kjenslene og moralske kategoriar våre blitt rota saman som aldri før. Vatnet er eit heilagt medium som løyser, men det bind også saman framande kystar, og kan føre likt og ulikt saman. Vatnet gir vektløyse, men let også menneska enkeltvis drive hjelpelaust bort frå alt kjent og kjært. Før dei landar saman på ei ukjent strand.