Forsøk på avvikling
Klassekampen har i tre rosverdige intervjuartiklar kasta ljos over treårsprosjektet med valfri skriftleg sidemålsopplæring for elevar i den vidaregåande skule i Oslo. Saka er at utdanningsetaten i kommunen slit med å finna forskingsmiljø som vil evaluera forsøket. Initiativet til forsøket kom frå byråden for barn og utdanning, Torger Ødegård. Fleirtalet av Høgre og Framstegspartiet gav avdelinga hans mandat til å utforma ein søknad til utdanningsdirektoratet, som er underlagt utdannings- og forskingsdepartementet. I siste instans er det såleis statsråd Kristin Clemet som er ansvarleg for godkjenninga. Ifølgje Clemet sjølv står øving og vurdering i sidemålet enno ved lag i nasjonalpolitisk samanheng. Stortingsmelding nr 30, «Kultur for læring», slår fast at skriftleg sidemålopplæring skal vera obligatorisk emne både i ungdomstrinnet i grunnskulen og i studieførebuande retningar i vidaregåande opplæring. Slik svara ho i alle fall Vidar Bjørnstad (Ap), som i eit brev av 28. september 2004 ville vita kva fagleg grunngjevnad som låg bak forsøket. Ifølgje henne var den pedagogiske grunngjevnaden i søknaden frå Oslo kommune framfor alt anna den høge prosenten elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn i. (15 prosent av elevmassen hadde per 1. oktober 2003 norsk som andrespråk). Kva dette prosenttalet har med opplæring i nynorsk å gjera, stig ikkje klart fram i skrivet, men det er ganske opplagt at ho, som skulefolka i kommunen, mistenkjer nynorsken for å forvirra, og kanskje også øydeleggja for elevane når dei skriv og les bokmålet. I brevet skreiv ho at ho ønskte å finna ut av samanhengen mellom (hennar mål om å) styrka dugleikane åt elevane i lesing og skriving og undervising i sidemålet.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn