Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gratulerer, Åmås!

I eit innlegg her i avisa laurdag held medieviter og instituttstyrar ved Medievitskap ved Universitet i Bergen, Jostein Gripsrud, fram med å skryte av den komande doktorranden Knut Olav Åmås og hans verk om Olav H. Hauge. Den «filosofiutdannede publisisten og forskeren Knut Olav Åmås gjorde et godt valg da han leverte arbeidet sitt om en stor lyriker […] ved vårt institutt». Ja, at det var eit «godt valg» trur eg på. Særleg sett i lys av at Åmås vart sterkt oppmoda av nett Gripsrud om å levere inn arbeidet om Olav H. Hauge ved Gripsruds institutt. At Gripsrud tek på seg leiarvervet for doktorkomiteen, understrekar vel ekstra godt kor godt valet var. At Åmås har fått med seg sitt eige redaksjonsmedlem frå Samtiden i komiteen, Toril Moi – som Åmås seier i biografien «klårere enn andre biografiteoretikarar som skriv på norsk, [har] lagt fram eit fragment av eit program for ein biografi med ein slik profil [som Åmås vil skrive]» – tydeleggjer vel òg at Åmås kan velje. Når Idar Stegane, som er omtalt på 59 sider i Hauge-biografien og som ikkje ville melde boka i Klassekampen fordi han stod for «nært» prosjektet, òg er med mellom dei utvalde, synleggjer også det at Gripsrud har rett i at Åmås har teke ei rett avgjerd.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen