Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ført opp på «dødsliste»

Den verdskjente systemkritikaren Walden Bello er truga på livet av filippinske maoistar, påstår Focus on the Global South (Focus). Focus er eit systemkritisk forskingsinstitutt i Bangkok som Bello er leiar for. Frå midten av desember har knallharde skuldingar hagla mellom Walden Bello og Communist Party of the Philippines (CPP), som i 35 år har ført geriljakrig mot regjeringane på Filippinane. Den knallharde striden blussa opp med desemberutgåva av CPPs publikasjon Ang Bayan («Folket»). Der presenterer partiet ei liste over «Band mellom kontrarevolusjonære grupper, trotskistar og sosialdemokratar». For fyrste gong har Bello fått plass på ei offisiell CPP-liste over «kontrarevolusjonære», i lag med 14 andre. Arturo Tabara, som tidlegare var medlem av politbyrået i CPP sto på samme liste. Etter at han braut med partigrunnleggjar Jose Maria Sison og i 1998 danna eit konkurrerande parti, vart han fordømt som «forrædar mot revolusjonen». 26. september i fjor vart Tabara skoten og drepen. I oktober-utgåva av CPPs offisielle organ Ang Bayan vedgjekk partiet at det stod bak drapet og skulda Tabara for ran, kidnapping og brot på menneskerettane. Fleire andre venstreaktivistar er også blitt drepne av CPP dei siste fire åra. Derfor blir namnelista frå partiet oppfatta som ei dødsliste. «Dødstrugsmålet mot Walden og andre som er peika ut som kontrarevolusjonære er høgst verkeleg og kan ikkje ignorerast», skriv Focus i eit brev som vart signert sist laurdag. Dette blir no distribuert via e-postlister, og Focus oppmodar organisasjonar og nettverk verda over til å fordømma «slike trugsmål og handlingar i sterkast moglege ordelag».

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen