Det som ikkje finst
Det viktigaste skilet mellom dyr og menneske, mellom naturtilstanden og kulturen, ligg i språket. Det gjorde kommunikasjonen lettare og opna for ein hittil ukjent tankegang. Mens ein før bare hadde hatt enkle lydar til å varsla om at der var ulvar i myra, blei det nå mulig å legga planar for dei utfordringane som kunne tenkast å dukka opp i morgon. Uheldigvis førte denne evna òg med seg ein hang til å forestilla seg ting som ikkje fanst. Troll og skrømt kunne manast fram så dei blei nesten heilt verkelege. Gamle folk fall for freistinga til å truga med å gå igjen dersom dei ikkje blei stelte og dulla med som småbarn. Slik oppstod eldreomsorga, ei kulturell vinning i og for seg, men bygd på sviktande grunnlag, og med mange uheldige sideverknader. Alle dei store verdsreligionane spring ut or intensiv fedredyrking, halden i hevd av søner som er redde for å falla ut or nåden.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent